| |
Olympic Shipping AS, Fosnavåg,
for Vertikal Helseassistanse
AS:
DHLR-kurs til sjøfolk i forbindelse med
leigeavtale på hjartestartar.
Olympic går føre med eit godt eksepel
på HMS, og har hjartestartar på
alle skipa sine.
|
| |
Norges Fotballforbund har avtale med Vertikal Helseassistanse om hjartestartarar hos fotballklubbane. Vi har levert kurs og klargjort hjartestartarar for fotballklubbar i Møre og Romsdal som har fått tildelt hjartestartar
(Fotballklubbar som ikkje har fått gratis hjartestartar kan ta kontakt med Vertikal eller NFF for å kjøpe hjartestartar/kurs til NFF-pris)
|
| |
VikØrsta AS,
for Vertikal Helseassistanse AS:
VikØrsta (tidl. Ørsta Stål) er ei hjørnesteinsbedrift
i Ørsta kommune, med hovudvekt på
produksjon av lysmaster, flaggstenger, bergsikring,
utemiljø og marina. Bedrifta har 230
tilsette.
VikØrsta leiger hjartestartar
hjå Vertikal Helseassistanse
AS som ei styrking av beredskapen til industrivernet.
Det er utplassert ei maskin ved kvar avdeling
(Hovden og Skorgeura), og til saman 24 personar
har fått opplæring i HLR og bruk
av hjartestartar.
|
| |
STX Europe, avd. Langsten:
Eit verft med mange flinke førstehjelparar. Industrivern og vakthald er kursa i hjarte-lungeredning med bruk av hjartestartar. Her har det vore redda liv med hjartestartaren. |

|
Barnehagar og skular i Ørsta og Volda kommunar:
I 2008 fekk over 160 tilsette i skular og barnehagar i Ørsta og Volda opplæring i førstehjelp.
Tryggleik for born og unge er viktig, og førstehjelp er eit krav for barnehagetilsette.
I 2011 er vi i gang med tredje runde med resertifisering av barnehagar i Ørsta. |

|
Utplassering av hjertestartar på Standal i Hjørundfjorden
Standal Grendalag har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til kjøp av hjertestartar og opplæring av bygdefolket i livreddande førstehjelp. Hjertestartar er levert av Re-start, Vertikal Helseassistanse. |

|
Søre Sunnmøre Jordskifterett
Kurs for dei tilsette i livreddande førstehjelp. |

|
Ørsta Brann og redning
Utplassert hjertestartar frå Re-start i redningsbil, og opplæring i førstehjelp og DHLR for brannkonstablar og befal.
Bjørke brannkorps
Øving i førstehjelp og HLR/DHLR. |
| |
|
 |
Volda Maskin AS
Førstehjelpskurs for alle tilsette. Fokus på anleggsrelatert førstehjelp. |