w w w . l i v b e r g i n g . n o
  Startside
  Livberging Nordvest
  Kurs
  Referanser
-- - Hjartestartar
  Hjartestartarskap
  Test deg sjølv!
  Kontakt

Kurs vi kan tilby:

Den medvitslause pasienten (HLR):
Kurs i livreddande førsthjelp dersom nokon vert medvitslause i omgivnadene dine.

- BLÅ-prinsippet (Bevisstheit - Luftvegar - Åndedrett)
- Varsling
- HLR (Etter gjeldande retningslinjer)
- Sideleie
- Framandlegeme i luftvegane (Baby, barn, vaksen)

Kurset varer i 3 timar.
Antal plassar per kurs: 15 personar.
Pris på forespørsel!


Norsk Grunnkurs i førstehjelp (NGF):
Kurset er utvikla av Norsk Førstehjelpsråd, og tek føre seg livreddande førstehjelp.

Filosofien til Norsk Førstehjelpsråd er at ein lærer meir av det ein gjer, enn av det ein høyrer om. Kurset bygger på problembasert løysing som læremetodikk, og det er difor lagt stor vekt på praktiske øvingar, både innandørs, og delvis ute.

Kurset tek føre seg følgjande tema:
- Varsling
- Undersøking av pasient
- Den medvitslause pasient og sideleie
- Hjarte-lungeredning
- Framandlegeme i luftvegane
- Akutte hjartesjukdomar
- Adferd ved skade og ulykker
- Praktiske øvingar
- Eventuelt valfritt tillegsemne (6 time)

Lengda på kurset er 5 timar, med høve for ein time m/tilleggsemne
Kvar deltakar får utdelt kurshefte ved kursstart.
Antal plassar per kurs: 15 personar.
Pris på forespørsel!


Hjartestartar-kurs (DHLR):
(Norsk grunnkurs i bruk av halvautomatisk hjartestartar)
Kurs i HLR med bruk av halvautomatisk hjartestartar.
Dette kurset skal fornyast kvart 2.år, og er med på å styrke tryggleiken rundt bruken av hjartestartar.

- BLÅ-prinsippet (Bevisstheit - Luftvegar - Åndedrett)
- Varsling
- HLR (Etter gjeldande retningslinjer)
- Bruk av halvautomatisk hjartestartar
- Sideleie

Interessert i å kjøpe eller leige ein hjartestartar?
Les meir om: Re-Start frå Vertikal Helseassistanse.

Kurset varer i 4 timar (3 dersom HLR nyleg er gjennomgått)
Kvar deltakar får utdelt kurshefte før kurset.
Antal plassar per kurs: 10 personar.
Pris på forespørsel!


Norsk Grunnkurs i førstehjelp -
for deg som har omsorg for barn (NGF-Barn):


-Det mest grunnleggande innan førstehjelp på barn

Kurset er lagt opp med mange praktiske øvingar, og er beregna både for bedrifter og privatpersonar som har omsorg for barn.
Kurset er tilrettelagt spesielt i forhold til barnehagar, og bygger på problembasert læring (PBL) og aktiv deltagelse av deltakarane som læremetodikk. Filosofien bak kurset er at ein lærer meir av kva vi gjer, enn vi en høyrer. Dei praktiske øvingane foregår både inne og ute. Kursdeltakarane bør difor kle seg etter vér og vind.

Innhald:
- Kjeda som reddar barn.
- Medisinsk nødtelefon 1-1-3.
- Vurdering av ein sjuk eller skada - kva har hendt?
- Medvitsløyse - undersøking - sikring av luftvegar.
- Hjarte-lungeredning.
- Framandlegeme i luftvegane hjå barn.
- Alvorleg akutt barnesjukdom.
- Forgiftning hjå barn.
- Undersøking av skada barn (alvorlege/lettare skadar).
- Praktiske øvingar.

Kurset varer i 5 timar.
Kvar deltakar får utdelt kurshefte ved kursstart.
Antal plassar per kurs: 15 personar.
Pris på forespørsel!


MiniAnne-kurs:
Eit nytt og revolusjonerande kurskonsept som lærer deg hjarte-lungeredning på 30 minutt. Kvar kursdeltakar får utdelt ein kurspakke som inneheld ei MiniAnne øvingsdokke, ein instruksjons-DVD og litt tilbehør.

Fordelar med MiniAnne-kurset:

Tidsbesparande!
- Eit ubegrensa antal tilsette kan ta del.
- Total kurstid 30 minutt!
- Alle tilsette kan ta del samtidig og øve i praksis!

Ein treng ingen forkunnskapar for å ta del. Bedrifta må stille med god golvplass og høve for visning av DVD. Alle tilsette får kvar sin opplæringspakke med MiniAnne-dokke og DVD som dei kan ta med heim for å øve vidare på.

Kostnadseffektivt!
Med muligheit for store kursgrupper og ein intensiv kurspakke vil bedrifta oppnå ei kvalitativ opplæring i hjerte-lungeredning. Bedrifta gjev også den tilsette med dette opplæringsprogrammet høve til å friske opp og bringe kunnskapen vidare til sitt nærmiljø og sin familie.

Vertikal Helseassistanse AS står bak dette kurstilbodet.

Les meir: [PDF-fil]

 


Kurs i livreddande førstehjelp for bedrifter

Kurs i livreddande førstehjelp kan arrangerast i kurslokale i Ørsta sentrum, eller i kunden sine lokalitetar. Kurset er 4 timar, og er egna for inntil 20 deltakarar. Standard opplegg inneheld fylgjande emne, men kan tilpassast etter kunden sine behov/ynskje.

Innsats på skadestad:
Sikring av skadestad
Leiing på skadestad
Varsling
Den første livreddande førstehjelpa
Det vert lagt vekt på korleis ein skal gå fram på ein skadestad ved ei ulukke, eller når ein person har vorte sjuk. Gjennomgang av framferd, tiltak, sikring og riktig meldingsprosedyre til dei ulike redningsetatane.

Medvitsløyse – pustevanskar:
Medvitsløyse av ulike karakterar
Sideleie og sikring av frie luftvegar

Akutte sjukdomstilfelle:
Hjartesjukdom
Diabetes (sukkersyke)
Astma
Epilepsi
Hjerneslag

Hjarte-lungeredning (HLR):
Praktisk øving i hjarte–lungeredning.

Skadar:
Brannskadar og frostskadar
Brotskadar
Ytre og indre blødningar – sirkulasjonssvikt

Eksempel på spesialemne ved førespurnad:
- Kuttskadar (fiskeri/næringsmiddelverksemd)
- Augeskadar (kjemikalie/mekanisk verksemd)
- Rygg/nakkeskade (bygg/anlegg)
- Andre emne ette ynskje.

Det er ei stadig utvikling og nye retningslinjer innanfor førstehjelp, og det er difor veldig nyttig med repetisjon årleg, sjølv om ein har vore på kurs før.

Link: Arbeidstilsynet si veiledning om førstehjelpsutstyr for bedrifter

 

Livberging Nordvest Eilev Mo Einevegen 13c 6150 Ørsta
Tlf: 91600720 • E-post: post@livberging.no

 
design by: r a d i a l i s . n e t